Fristen for å søkja treningstid går ut søndag
Denne sesongen byr kommunen på to nye treningssalar.
Treningstider innandørs i kommunale anlegg følgjer skuleåret, og dei som vil ha treningstid frå hausten må senda søknad seinast førstkomande søndag.
– Vi fekk ei god kapasitetsauke med dobbelhallen på Kuventræ, det som har vore utfordrande dei siste åra er Nore Neset. Der er det ikkje alle som har fått så mange økter i hallen som dei ønskjer, seier leiar for avdeling for idrett og friluftsliv i Bjørnafjorden kommune, Tom Leonsen.
Ny hall på Nore Neset, som skal blir ferdig til skulestart, er del av menyen i neste søknadsrunde.
– Med auka hallaktivitet både på Nore Neset og i dei nærmaste idrettslaga, Søre Neset og Øyglimt, vil nybygget på Skeie gi etterlengta kapasitetsutviding.
Også den vesle gymsalen på Borgafjellet barneskule, som hadde nyopning til skulestart i fjor, er ny flate i kommunen sitt utval for utleige.
– Dette er samtidig første opptak etter pandemien, så det kan tenkjast at fleire treningsgrupper har hatt redusert aktivitet, eller vore ute med pause, og at det kan bli kamp om plassen ein del stadar, seier Leonsen.
Informasjon og søknadsskjema ligg under «idrett» på kommunen si heimeside.