Frisk start
Ønsker du å bli med på turar til fjelltoppane i Os i selskap med andre er kanskje Os Turlag si nye Friskus-gruppe noko for deg.
Tysdag går startskotet for Os Turlag si nye turgruppe Friskus sin første tur. Første destinasjon er Lyshorn og annakvar tysdag vil turane gå til fleire av Os sine fjelltoppar.
– Dette er eit nytt tilbod til alle, yngre som eldre, som har lyst å vera med på ettermiddagsturar. Du treng ikkje vera medlem, det er berre til å møta opp, fortel ein av turleiarane Beate Valvik.
Initiativet til å starta opp Friskus kom etter fleire ønsker frå folk om å starte ei gruppe med litt større tempo enn dei eksisterande onsdags- og torsdagsgruppene der det er stort sett eldre deltakarar og rolegare tempo.
– Vi satsar på å halda eit litt høgare tempo, men det skal framleis vera tur, så alle med tåelig grei kondis vil fint klara å bli med.
Noko for «nye» osingar?
Møteplassen før kvar tur vil vera Os Næringspark. Det er for å fylla opp bilar og kjøra i lag så ein ikkje tar opp all parkering ved turløypa.
– Ein må ta med 30 kroner i bensinpengar, sko seg etter forholda og ha med drikke og kanskje noko energifyll.
Beate, som er ny som turleiar, blei med for å få fleire folk ut i naturen og visa det Os har å by på. Ho har vore medlem av Os turlag i mange år og har, som dei andre turleiarane ambassadør- og førstehjelpskurs.
– Eg trur òg det er ein del «nye» osingar som kanskje kunne tenka seg å læra seg stiar og vegar opp til dei flotte toppane vi har rundt oss. Dette tilbodet vil jo vera perfekt for dei.
– Eg gleda meg veldig til å koma i gong og håpar det er mange som vil bli med oss på tur.