Lokal | 24. feb. 2016

Fråtatt førarkortet

Den eine sjåføren som var involvert i ulykka ved Lepsøykrysset tysdag er fråtatt førarkortet, mistenkt for uaktsam køyring.

Fråtatt førarkortet
Føraren av den eine personbilen som var involvert i ulykka har fått beslaglagt førarkortet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. feb. 2016 09:23

Tysdag klokka 12. 27 kolliderte to personbilar og ein semitrailer i Lepsøykrysset ved E39.

– Føraren av den eine bilen, ein mann, har fått beslaglagt førarkortet mistenkt for uaktsam køyring, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen som er fratatt førarkortet kom køyrande sørfra frå Halhjem og skulle svinge inn på Lepsøyvegen.

– Han har ikkje tatt nok omsyn til at det kom ein bil frå nord retning Halhjem då han svingte over. Dei to bilane krasja og går begge inn i semitraileren som sto og venta på å køyre ut på E39, forklarar Hadler-Olsen om kva som skjedde.

– Ein person blei lettare skadd, så vi har rutinemessig oppretta sak. Det er ikkje mistenke om promille.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.