- Framtida er lyseblå
Rådmannen presenterer eit budsjett for 2013 utan kutt, men ikkje alle er like nøgd med signala i framlegget.
I kommunestyret tysdag presenterte rådmann Knut Terje Rekve sitt framlegg til budsjett for 2013 og økonomiplan for 2013 til 2016.
- Endeleg kan eg presentera eit budsjettframlegg kor kommunestyret ikkje blir invitert til å kutta.
- Budsjettet er historisk. Ein milepæl er nådd når vi for første gong passerer vi éin milliard kroner både i driftsinntekter og utgifter, fortalde rådmannen.
- Ikkje la de frista
Kommunen styrer mot eit overskot i 2012. Rådmannen reknar med at også 2013 vil gå med overskot om politikarane ikkje let seg frista for mykje til å finna på nye kostnadskrevande tiltak.
- Det er lite vi sjølv kan påverka på inntektssida. Det einaste der er eventuell eigedomsskatt.
- Utgiftssida er det som styrer handlefridomen vår. No kan vi snakka om innhald og kvalitet på dei einskilte tenesteområda. Så enkelt og så vanskeleg er oppgåva. Korleis utvikle tenestene utan sterk vekst i tal på stillingar, påpeika rådmann Knut Terje Rekve.
Kva med idretten?
Rådmannen skriv i sitt budsjettframlegg at han ikkje har funne rom for ny idrettshall på Kuventræ, og at dette må setjast opp mot planane for nybygg/rehabilitering i pleie-omsorgssektoren.
Ein av dei som håper politikarane no vil setja sitt eige preg på budsjettet er styreleiar i Os Turn, Hans Parnefält.
- På folkemøtet vi inviterte til på gymnaset før valet, og gjennom samtalar med politikarar, har vi fått tverrpolitiske signal på at Kuventræ skal rustast opp, mellom anna med ny idrettshall.
- No håper eg politikarane står ved løfta sine og hjelper oss å realisera dette.
- Heldigvis får dei ein sak til tysdagens møte i formannskapet, kor dei blir beden om å setja ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på tilrettelegging for utvikling av idrett og nærmiljøanlegg på Kuventræ.
- Dei må berre finna midlar til dette arbeidet, og seinare til å realisera planane som kjem ut av arbeidsgruppa sitt arbeid.
- Osbygda treng idretten og anlegga for å ta imot både folkeveksten og for å ivareta innbyggjerane si helse, slår styreleiaren fast.
Idrettslaget har utgiftene
Parnefält håper politikarane òg finn rom for å støtta drifta av idrettsanlegga ytterlegare.
- Idrettslaga i Bergen er så «heldige» at dei bruker kommunale anlegg.
- Mange opplever nok Kuventræ som eit kommunalt anlegg, men i motsetnad til idrettslaga i Bergen er det vi som dekkjer utgifter som til dømes forsikring, brøyting og straum til flomlys, forklarer Parnefält.
Budsjettet skal no gjennom ei budsjetthandsaming i eit utvida formannskap, før det blir lagt ut ut til offentleg ettersyn og endeleg handsaming i kommunestyret 11. desember.