Framskyndar dose 2 - og éi yrkesgruppe får først
Alle får dose to tidlegare enn først planlagt.
Allereie i juni var det tema, no har kommunen nok dosar til å både tilby dose to før tida til alle, og å prioritera tilsette i skule og barnehage før andre.
Kommunen har bestemt å framskynda dose to for alle. Dei som har fått dato kan halda seg heilt i ro, kommunen tar kontakt med forslag til nytt tidspunkt.
Men først ut er tilsette i barnehage, SFO, skule og andre yrkesgrupper som har nærkontakt med elevar og barnehagebarn.
Desse får tilbod om å ta 2. vaksinedose i Bjørnafjorden kommune fredag 13. eller onsdag 18. august:
- Tilsette som fekk 1. vaksinedose seinast 23. juli (det skal gå minimum tre veker mellom dosane)
- Tilsette i kommunale og private skular og barnehagar, og tilsette i vidaregåande skular i Bjørnafjorden kommune.
- Skule- og barnehagetilsette som jobbar i Bjørnafjorden, men bur i ein annan kommune.
- Tilbodet gjeld ikkje skule- og barnehagetilsette som bur i Bjørnafjorden, men som jobbar i andre kommunar.
– På denne måten ønskjer vi å gi både små og store ein god start på det nye skule- og barnehageåret - det treng og fortener dei verkeleg! seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg i ei pressemelding.
Leiarane innan oppvekst sender ut melding med vidare informasjon til sine tilsette.