Framleis ledige kort
Laurdag sto storlaksen og stanga under Osbrua. Etter ein litt treig start har det dei siste dagane vore landa laks opp til 9,2 kilo. Framleis finnst det ledige fiskekort.
Fisket i Oselvo opna 1. juli, to veker tidlegare enn førre sesong. Elva var brukbar, men fisken uteblei.
Etter regnvêrsperioden i førre veke har også fangsten tatt seg opp. På sida til Ole Vidar Søviknes - Prohd.no - rapporterast det om fleire flotte fangstar, heilt opp til 9,2 kilo. Best bitt ser det ut til å ha vore relativt langt opp i elvo, i sone 5 og kremretten.
Laurdag ettermiddag sto det mykje stor laks under Osbrua. Fisk som no truleg har starta vandringa oppover elva.
– Det er lenge sidan eg har sett så mykje stor fisk stå her, fortalde ein av fiskarane Midtsiden møtte på brua laurdag.
Ledige kort finst
MX Sport Os, som tek seg av salet av fiskekort i elvo fortel at det framleis er mogleg å få se kort dei næraste dagane.
– Dei to mest populære sonene, sone 2 og 5, er oppteke dei første dagane, men i sone 5 har vi ledig to kort 24. og 25. juli.
– Vil du stå i sone 2 må du vente til i august. Der er det fullt til 1. august, fortel Ola hjå MX Sport Os.
I fleire av dei andre sonene kan du ta med deg stanga allereie i dag. Sone 0, 1 og 3 har tre kort ledig både i dag og dagane som kjem. Om du vil stå i sone 4 er det eitt ledig kort i dag og fleire ledige i morgon og overimorgon.
Grunneigarlaget har satt ei kvote på 2 laks per stang per døgn. Sjøauren er freda og må setjast ut att. Om du får oppdrettslaks på kroken er det berre å ta den på land.