Framleis kontor på Os
Politidirektøren vil redusere både i antal politidistrikt og tenestesteder for å få meir politi i gatene. Truleg blir lensmannskontoret på Os eitt av dei som held fram.
Politidirektør Odd Reidar Humlegård presenterte på ei pressekonferanse måndag sitt høyringssvar til justis- og beredskapsdepartementet i høve politianalysen.
Humlegård støttar framlegget om å redusere antalet politidistrikt for dagens 27 til 6 og antal tenestesteder frå 354 til 210.
Blir reformen gjennomførd vil Os hamna i Politidistrikt Vest som fevnar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
– Lokalt politi handlar ikkje om politibygg, men om politifolk.
– Dagens struktur hindrar oss i å kraftsamla ressursane og få fleire døgnbemanna politipatruljer, fortalde politidirektøren på pressekonferansen.
I følgje BA.no er det særleg dei mindre lensmannskontora, som Tysnes, Fusa og Austevoll som ligg i faresonen for å bli lagt ned.
Politidirektøren håper ei avgjersle kan takast i løpet av våren 2014.