Frå topp til botn
Handballherrene til Os gjekk frå siger mot Stord laurdag til braktap mot NHHI sundag.
Laurdag spelte handballherrene ein topp kamp mot Stord elite 2 heime i Oshallen og vann 23-22. Sundag var det duka for eit nytt toppoppgjer, då dei møtte serieleiar NHHI på bortebane.
Ein skulle nesten tru det var eit anna Oslag som stilte på bana sundag. Borte var den gløden og innsatsen ein såg laurdag. Berre 4 mål klarte Os å putte i løpet av dei første 30 minutta. Samstundes lot dei NHHI med osing Arne Veim Haugland i spissen få leika seg til 18 mål.
– Vi er hysterisk dårlege i forsvar i dag, fortel høgrekant og sportsleg leiar, Joachim Nøkleby.
Andre omgangen blir noko betre framover på banen, men Os må sjå seg slått 15-32.
– Dette var ein kamp vi kunne ha vunne. Vi har slått betre lag enn dette, så tapet er berre vår eiga feil, oppsummerar Nøkleby.
NHHI-Os 32-15 (18-4)
Utv: NHHI 4x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 4, Joachim Nøkleby 3, Øystein Skarding 3, Frode Vindenes 1, Fredrik Andresen, Isak Røen 2, Torbjørn Hjelle, Andreas Sennesvik, Joakim Blostrupmoen 2.