Lokal | 08. aug. 2011

Frå Skjold til Hatvik

Søndag hadde vi ein lesar som lurte på kvifor desse klossane ligg på Søfteland. Vegvesenet fortel om omfattande oppgradering.

Frå Skjold til Hatvik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. aug. 2011 21:41

Søndag fekk vi eit mobilbilde av nokre betongblokker som ligg på Søfteland med spørsmål om nokon hadde mista lasta si. Øvrige lesarar var raske med å kommentera at slike steinar ligg det ved fleire busshaldeplassar mellom Os og Vallaheiane.

Leiar for samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus, sa til Midtsiden at han rekna med at betongblokkene nok var til oppgraderinga Os kommune i fjor fekk midlar til.

Dette blir delvis stadfesta av Statens vegvesen.

– Midlane Os fekk til universell utforming av busshaldeplassane langs fylkesveg 552 mellom Os og Tøsdalsskiftet er del av totalprosjektet der vi oppgraderer fleire busshaldeplassar, og nokre fotgjengarovergangar, mellom Skjoldskiftet til Hatvik.

– Det vil seia at arbeidet som starta i Skjoldskiftet held fram langs E39 til Tøsdalsskiftet, langs Byvegen (FV552) til Os sentrum og vidare langs Hatvikvegen, seier byggeleiar Beate Eide Risnes i Statens vegvesen til Midtsiden.no.

Lys, lys og trinnfri om bord-stiging

Betongblokkene er ein type som blir kalla kasselstein, og skal sørgja for enklare om bord-stiging i bussane. Kasselsteinane skal ligga langs heile strekket der bussen stoppar, rundt 18 meter i lengde.

– Dette er del av universell utforming av busshaldeplassane. Oppgraderinga inkluderer lys- og lydsignal, noko nokre av fotgjengarfelta får.

Mellom Tøsdal og Os sentrum blir seks busshaldeplassar tatt. Også mellom Os sentrum og Hatvik skal seks haldeplassar oppgraderast.

– Mellom Tøsdal og Os skal dessutan eitt fotgjengarfelt få lys- og lydsignal. Det aktuelle fotgjengarfeltet er det ved Elvebakke/Rema 1000 Kuvenstasjon.

Arbeidet er i gang og Løvaas Maskin, som har oppdraget for vegvesenet, er ferdig på Vallaheiane. No kjem dei til å jobba i Os fram til sommaren 2012.

– Kva med Os terminal, som det også blei gjeve øyremerkte kroner til?

– Haldeplassen i Os sentrum blir ikkje tatt i denne runden, seier Beate Eide Risnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.