Lokal | 18. nov. 2013
Frå regn til sludd og sol
No skal det snu frå regn til sludd og nattefrost. Så skal det bli skyfri himmel.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. nov. 2013 10:06
Etter ei helg med mykje nedbør, fredag så store mengder at det skapte problem fleire stadar, held det måndag fram med å regna.
Men utover veka skal det bli kaldare og lettare vêr, allereie natt til tysdag er det venta temperaturar ned mot null gradar og nedbør i form av sludd.
Tysdag kveld kan det bli ned til 4 minusgradar, og kulden ser ut til å koma for å bli verande ei stund.
Det er meldt sludd heile veka til og med laurdag, bortsett frå på torsdag, då det skal bli skyfri himmel og 2-4 varmegradar på dagtid.
Også søndag og måndag skal bli skyfri og kald.
Sjå detaljert vêrvarsel for Os på Storm vs Yr.