Sport | 15. okt. 2011

Frå Marokko til Os

I går fylte han 29 år, i dag debuterte den marokkanske toppseriespelaren Mounir Aouachria (29) for Os.

Frå Marokko til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. okt. 2011 23:07

Mounir kom til Noreg og Os for 10 månadar sidan. Ei jente frå Os med familie i Marokko fekk han på flyttefot.

29-åringen har erfaring frå øvste nivå i Marokko og har trent med Os i fleire månadar.

I haust har han spelt tre kampar for Os 2 og skåra Os sitt einaste mål utanom gjestane sitt sjølvmål i kampen mot Trio.

Då A-laget tok imot Valestrand Hjellvik til siste heimekamp i dag fekk han sin debut i norsk 3. divisjon.

– Det var veldig kjekt, synes Mounir, som allereie har lært seg ein god del norsk.

Mounir kom innpå for Johannes Jordal i 85. minutt og fekk raskt brukt for styrken sin. Gjestane stilte med eit noko tyngre lag enn det unge Os-laget, men fekk nye krefter å måla seg på då marokkanaren kom på banen.

Os vann kampen 3-1 og avsluttar sesongen med bortekamp mot Skjold laurdag 22. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.