Kultur | 05. apr. 2016

Frå Iran til Os med Ibsen

Juni Dahr speler Ibsen over heile verda, mellomanna i Iran, kor ho vann juryen sin ærespris med «Ibsens kvinner - sett en ørn i bur». No kjem ho til Os med den prisbelønte framsyninga.

Frå Iran til Os med Ibsen
Møt Juni Dahr i seks Ibsen-kvinner på Oseana torsdag 7. april (foto: Joanna Butler)
Andris Hamretysdag 05. apr. 2016 08:42

Dahr er vel kjend som tolkar av Ibsen, og har fått eit internasjonalt ry for sine framsyningar. I 2014 blei ho tildelt juryen sin ærespris på den internasjonale teaterfestivalen i Teheran med framsyninga «Ibsens Kvinner - sett en ørn i bur».

I den times lange framsyninga Dahr kjem med til Oseana torsdag 7. april blir publikum med på ei reise inn i seks av Ibsen sin mest kjente kvinneskikkelser. I møtet med kvinnene vever ho inn sine eigne tankar og refleksjonar rundt styrker og sårbarhet dei ulike rollene inneber, med det grunnleggande spørsmålet "kva er fridom"?

– Rammene og grensene for dagens kvinnerolle varierer frå kor i verda du er. Mitt stykke freister å settje søkelys på dette. Kvifor er desse kvinnene som Ibsen skriv om like aktuelle i dag som då han skreiv om dei, undrar Juni Dahr.

Opna dører

Æresprisen frå Iran opna nye dørar for Dahr. I år gjester ho igjen teaterfestivalen i Teheran, denne gong med "berre" ei av Ibsen sine kvinner i framsyninga «Hedda Gabler».

– Det å spele Ibsen i eit muslimsk land er utfordrande. Dei kulturelle og tradisjonelle rammene er heilt annerleis. Framsyninga må mellom anna visast for, og godkjennast av, eit såkalla "sensorship" i Iran før det kan visast for publikum.

– Vår utfordring blei å tilpasse stykket utan å gå på kompromiss med innhaldet, og samstundes utfordre dei kulturelle grensene i Iran, forklarar Dahr.

Vil skapa debatt

Ho ønskjer å skapa debatt rundt problemstillingar som grenser, fridom og roller med stykka sine.

– Det er kanskje gjennom kunsten ein best kan utfordra kulturelle og politiske rammer og skapa samfunnsdebatt, men det krev at kunsten finner stad i det offentlege rom, påpeiker Dahr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.