Frå "Hver gang..." til Os
Einaste konserten Ole Paus gjer medan den populære serien "Hver gang vi møtes" går på TV2 er i Oseana 15. februar.
Saman med Anita Skorgan, Lene Marlin, Marion Ravn, Kurt Nilsen, Morten Abel og Magnus Grønneberg står Ole Paus for vinterens laurdagsunderhalding på TV2 i populære "Hver gang vi møtes". Då programmet hadde premiere med Anita Skorgan sin kveld sist laurdag hadde nær ein million nordmenn benka seg framfor TV-skjermen, og melodiane frå programmet fauk rett inn på topp over sangar lasta ned frå ITunes.
Sjå Ole Paus si tolkning av Anita Skorgan sin "For vår jord" her (ekstern lenke, TV2)
Einaste samstundes med programmet
Fredag 15. februar kjem Ole Paus til Oseana, i det som i hans eige heimeside, er den einaste konserten han held i vinter før han gjer to konsertar saman med Trondheimssolistane i henhaldsvis Grieghallen i Bergen og Olavshallen i Trondheim i midten av mars.
Arrangementssjef Berit Steen gler seg stort til å få vitjing av Paus.
- Ole er jo ein nestor innan norsk visesang, og har ein produksjon som er heilt enorm.
- Det å få han på besøk i Oseana skal bli utruleg kjekt, fortel Steen.
Gler seg til tolkingane
Som mange andre benkar Steen seg framfor tven for å få med seg "Hver gang de møtes".
- Når dei kjem til Ole sitt program håpar eg Anita Skorgan syng "Det er ingenting å være redd for".
- Eg har høyrd ho framføra den ein gong før og det er ein høydare, smilar arrangementssjefen.
Når programmet med Paus blir sendt er enno ikkje kjend, men etter det Midtsiden kjenner til vil det bli eitt av dei siste programma i serien, omlag samstundes med at Paus vitjar Os.
Har jobba saman
Steen fortel at ho har eit litt personleg forhold til den folkekjære artisten.
- Det kanskje ikkje så mange er klar over er at Ole også er ein dyktig revyartist og skribent.
- Eg fekk gleda av å jobba saman med han på to sommershow han hadde på Hotel Norge på 80-talet, kor han mellomanna hadde med seg Elisabeth Grannemann, Knut Lystad og Frode Rasmussen på scena.
- Det å no få møta han igjen her på Oseana blir utruleg kjekt, avsluttar Berit Steen.