Kultur | 28. apr. 2016

Frå fisk til storfe

Søre Øyane Naturbarnehage fekk gardsbesøk i premie. Både lydane og lukta overraska gjestane.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. apr. 2016 10:15

Dei er vant med både fisk, skaldyr og natur, dei siste åra har det òg dukka opp både grisar, sauar og geiter i ulike hagar og eldre gardsbruk i skjergards-krinsen Øyane.

Men besøket på garden hos Erlend Moberg skapte likevel begeistring hos ungane frå Søre Øyane Naturbarnehage.

Førsteinntrykket var idyllisk, med sitjegruppe av høyballar utandørs, ved nabo Bjørn Moberg sine sauar og lam på beite.

I floren var det enkelte som beit seg merke i aromaen, men duften av dyr var fort gløymd då dei fekk koma tett på både nyfødd kalv og små lam.

– Barnehagen er ein av dei som deltok i potetdyrkekonkurransen i forkant av Bondens Dag i fjor. Gardsbesøk er premie og vi er fleire gardar i Os som i desse dagar tar imot ulike barnehagar, fortel Erlend Moberg.

I videoen over ser du stemningsrapport frå besøket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.