- Frå fantastisk til kaos
Handballdamene til Os tok to poeng mot Bjørnar etter ein omgang med fantastisk angrepshandball. - 2. omgangen blir berre rot, meiner trenaren.
Bjørnar har slite med å ta poeng i årets 2. divisjon, men har den siste tida styrka laget betrakteleg med fleire gamle toppspelarar som var med då laget var i 1. divisjon. Etter jul har dei plukka seks poeng med sigrar over Kjøkkelvik, Sotra og Bergen HK.
- Vi visste at vi kom til å møta eit mykje betre lag i går enn det vi møtte då vi slo dei 32-14 i serieopninga, fortel Os-trenar Erlend Lyssand.
God angrepshandball
I førsteomgangen spelar Osdamene god angrepshandball og går til pause med firemålsleiing 15-11.
- Det er lenge sidan eg har sett eit så godt kollektivt angrepsspel frå jentene.
- Dei køyrer avtalane og mønstra vi har øvd på og viser utruleg god angrepshandball, skryt Lyssand.
Gode bakover
Andre omgangen blir i angrep det motsatte av første omgangen.
- Då byrjar vi å skal gjera ting ein og ein i staden for dei kollektive angrepsmønstra.
- Det resulterer i at vi mister ballen alt for mykje og Bjørnar kan kontre på oss.
- Til gjengjeld står vi godt i forsvar i 2. omgangen og Vibeke Ingebrigtsen leverar igjen ein kanonkamp i mål.
- Det er ho som redder dei to poenga for oss, slår trenaren fast.
Bjørnar - Os 21-24 (11-15)
Utv: Bjørnar 1x2 min, Os 1x2 min
Os sitt lag (mål i parentes): Vibeke Ingebrigtsen, Irene Tangerås (6), Madeleine Hjertnes (6), Anna Bjørke Kallestad (4), Tonje Hjertnes, Emilie Hjertnes (2), Maria Stangeland Lunde (1), Marte Øvreeide (2), Elise Hjelle (2), Vilde Fyllingen (1).
Neste kamp for Osdamene er førstkommande laurdag kl 1745 mot Førde.
- Det blir nok ein tøff kamp, men vi gler oss til endeleg å spele dobbeltkamp heime i hallen igjen.
Før damene speler møter nemleg herrelaget Førde klokka 16.
2. laget kunne avgjort
Dagen før førstelaget møtte Bjørnar spelte 2. laget mot Gneist i Sandslihallen.
- Vi speler uavgjort 31-31 og er nøgd med eitt poeng når vi ser kampen under eitt.
- Men vi hadde sjansen på å ta med oss begge poenga heim til Os.
40 sekunder før slutt utlignar Os til 31-31. Like etter klarar Osdamene å snappa ballen og får sjansen til å setta den avgjerande skåringa.
- I løpet av dei siste ti sekunda har vi eitt skot i tverrliggaren og eitt i stolpen, fortel Lyssand.
Keeper Marlene M Hauge Sund (16) fekk sin debut som seniorspelar då ho kom inn på ei straffe i kampen mot Gneist.
3. divisjon, som 2. laget spelar i er rekordjamn. Osdamene ligg på 5. plass, men det er berre 3 poeng ned til direkte nedrykksplass og 5 poeng til opprykksplassen med fem kampar igjen å spele.