Frå AC/DC til Søfteland
Audrey Horne er klare for Rock n' LOL.
- Vi gler oss til å sjå Torkjell Rød i storslag på heimebane saman med resten av gjengen i Audrey Horne, seier ein oppglødd Andreas Lindborg i Søfteland Rock n' LOL.
Tre nye klare
- No byrjar programmet å bli klart. Vi har nettopp booka tre nye artistar. Audrey Horne kjenner vel dei fleste. Dei speler på fredagen, fortel Lindborg.
Laurdagen kjem Myrna Braza, ei jente som har fått mykje skryt i det siste. Ho blei mellom anna plukka ut til å spela på Norwegian Wood nyleg. Ho spelar litt soul-aktig med innslag av jazz og blues.
- Ein type musikk som passar bra i sola litt tidleg på kvelden. Eg høyrde ho første gong på ein minikonsert i ein hage her på Søfteland i fjor haust, og likte det eg høyrde, fortel Lindborg, og legg til at han trur ho passar bra inn i programmet.
Det tredje bandet som er på plass er Black Room. Dei heitte tidlegare Lorraine, men skifta namn då lokalet dei øvde i brann ned. Som dei to andre banda har også Black Room lokal tilknytning gjennom gitarist Anders Winsent som har bodd på Søfteland tidlegare.
Black Room skal på scenen på laurdagen.
Oversikt over resten av årets artistar finn du på heimesida til Rock n' LOL.