Fotgjengar påkjørt av buss
Ei jente er påkjørt av buss i fotgjengarfeltet ved Best-stasjonen i Os sentrum.
Tysdag klokka 12.23 kom melding om påkjørsel på Byvegen.
Ein buss med retning mot Os sentrum har kjørt på ei jente i fotgjengarfeltet ved Best-stasjonen.
Jenta skal ifølgje vitne vera 18 år. Ho var vaken etter ulykka og snakka med vitnene som kom til staden.
Brannvesenet kom raskt på plassen, no er også ambulanse, luftambulanse og politi på staden.
Det er førebels uvisst kva skader jenta har og kva som var årsaka til ulykka.
Politiet tok beslag i førarkortet til bussjåføren etter ulykka.
Det var delvis stopp i trafikken forbi Best-stasjonen, men dei fleste kom seg vidare ved å kjøra om Holt eller Os sentrum og Jordmorsvingen.