Fotballglede i julestria
Rundt 70 fotballglade gutar var i sving på julecup i Nore Neset Aktivitetshus søndag.
Det var mange spente born som møtte opp i hallen på Nore Neset søndag morgon, klare for si første juleturnering.
God respons
Initiativtakar Rune Fjellberg, ein av trenarane for 2006-gutane på Nore Neset, har lenge gått med ideen og lysten til å laga julecup.
- Julecup var vanleg då eg var ung, og eg hugsar kor utruleg kjekt det var.
Han lufta ideen sin på eit trenarmøte i haust og trenarteamet var ikkje vanskeleg å få med.
- Sidan vi aldri har arrangert noko slikt før så kunne vi ikkje gjera det for stort, så vi sette grensa på 10-12 lag.
Fjellberg sendte ut invitasjon til gutelaga i 2006-klassen og fekk rask respons. Elleve lag frå Os, Søre Neset, Øyglimt og Kalandeid, i tillegg til Nore Neset, meldte seg på.
- For at flest klubbar skulle få bli med så fekk dei maks ha med to lag kvar, bortsett frå Os, som hadde tre.
Nesten knirkefritt
I to dagar før cupen byrja jobba arrangørane med å få hallen klar. Det blei delt inn i to banar inngjerda med nett dei fekk frå Brødrene Døsen.
- Vi lurte litt på korleis vi skulle få festa netta skikkeleg, men Os kommune stilte med klossar og hos Mesta fekk vi så mange brøytepinnar vi ville, så det løyste seg fint, seier Fjellberg, som skryter av kor hjelpsame alle har vore.
- Foreldre og trenarar har jobba dugnad og klubben har bidrege økonomisk, så bortsett frå at lyset gjekk ti minutter før første kamp så har alt gått knirkefritt.
Lyset kom tilbake til kampstart og både fotballspelarar og publikum fekk seg ein fin dag med mykje moro.
- Det var grådig gøy, ungane virka veldig nøgde og vi har berre fått positive tilbakemeldingar, så er det opp til meg så blir det ny cup til neste år, avsluttar Fjellberg.