Lokal | 12. juli 2013

Førte til fleire beslag

Tre menn blei torsdag morgon stoppa i ein bil. I løpet av dagen var fire mann fengsla og det blei funne narkotika på fleire adresser.

Førte til fleire beslag
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juli 2013 09:12

– Denne saka blei meir omfattande enn det først såg ut til, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Det starta med at UP stoppa ein bilførar på Lepsøyvegen i Hagavik i 8-tida torsdag morgon. Førar er mistenkt for å ha kjørt i rusa tilstand.

– Det blei funne narkotika i bilen. Vidare blei det aksjonert på fleire adresser i og utanfor Os.

Resultatet blei fleire beslag av ulike typar narkotika og til saman fire personar i fengsleg forvaring.

Politiet vil førebels ikkje ut med type eller mengde narkotika.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.