Førte ikkje rekneskap
Må 15 dagar i fengsel for brot på bokføringslova.
Ein osing i 40-åra dreiv i 2009 til hausten 2011 eit enkeltmannsforetak, men lot vera å føra rekneskap i perioda. Mannen tilsto i retten og blei dømd til 15 dager i fengsel. Påtalemynde hadde foreslege ei straff på ubetinga fengsel i 18 dagar.
Då mannen starta selskapet sitt i 2008 hadde han rekneskapsførar, men då denne skrudde opp prisane på tenestene sine klarte ikkje mannen å betala den auka kostnaden.
I retten forklarte mannen at han blei nødd til å låne av midla satt av til skatt og moms for å betala løn til dei tilsette. Dette gjorde at han kom skeivt ut og at han måtte føre rekneskapa sine sjølv, noko han ikkje gjorde.
Selskapet omsatte for omlag 800 000 kroner i året.
Mannen blei sikta for brot på bokføringslova sin § 15, første ledd for som bokføringspliktig vesentleg å ha unnlatt å bokføre alle opplysningar som var naudsynte for å kunne utarbeide spesifikasjonar av pliktig rekneskapsrapportering som nemnd i lova.
Osingen gav ein uforbehalden tilståing i retten, noko som blei styrka av rapporten frå innberettinga frå konkursboet.
I samband med straffeutmålinga la retten vekt på mannen si uforbehalden tilståing og at det hadde gått tid frå ugjerninga til saka kom opp for retten, uten at dette kunne lastast mannen.