For førsteklasses førsteklassingar
Neste torsdag samlar Os kyrkjelyd førsteklassingar til trusopplæringsopplegget «Heilt førsteklasses» som går heilt fram til påske.
Det fem siste torsdagane før påske vert det samling for alle interesserte førsteklassingar i Os kommune.
– Vi samlast i Kyrkjetunet om ettermiddagen, og har aktivitetar innan drama, song og forming, før vi avsluttar med kveldsmat, fortel trusopplæringsmedarbeidar Gro Helen B. Skjælaaen.
– Dette er på ein måte ei vidareføring og oppfølgjing av utdelinga av seksårsboka desse borna fekk i fjor. No lærer dei betre å kjenna dei bibelforteljingane som står i seksårsboka.
– Dette er eit tilbod også for dei som ikkje er døypte, dersom dei ynskjer å vera med. Då får dei seksårsboka utdelt på første samlinga, seier Skjælaaen, og minner om påmeldingsfristen.