Første treningskamp laurdag
Os møter laget som slo Lysekloster 8-1 i KM-finalen til treningskamp på Kuventræ. Så står blant anna Fana for tur før treningsleir i varmen.
A-lagstrenar Tore Nielsen fortel om høg intensitet og godt oppmøte på trening dei kalde første vekene i 2013.
– Vi trener fem økter i veka, søndag til torsdag, med innandørstrening søndagar.
– Men denne veka blir litt lengre, med trening fredag og formiddagsøkt laurdag før treningskamp mot Vadmyra laurdag ettermiddag.
Os møter Vadmyra, som rykte opp til 3. divisjon i haust og som slo Lysekloster, som rett nok ikkje prioriterer kretsmeisterskapen, heile 8-1 i KM-finalen.
Os - Vadmyra startar klokka 15.00.
Tar ut A-stallen
– Vi har mange unge spelarar som skal få visa seg i denne kampen. Eg er blant anna nysgjerrig på Stian Bakke, som var på utlån til Kopervik i fjor, og på spelarar som Ørjan Glesnes, Egil Thuen og keeper Frode Moberg Øvredal, seier Nielsen.
Os har hatt drygt 30 på trening med seniorgruppa dei siste vekene.
– Laurdag kjem vi til å lesa opp 23-24 spelarar i det som blir A-lagstroppen.
– Men dei øvrege spelarane har stor sjanse for å spela A-kampar i år, det går berre på prestasjonar frå veke til veke, presiserer Tore.
Treningsleir i Tyrkia
A-laget skal også på treningsleir før seriestart.
– Vi reiser til Tyrkia i palmehelga.
– Vi har lagt opp treningsleiren sånn at den ikkje kolliderer med NM, om vi kvalifiserer oss og går vidare.
Fleire treningskampar
Men før treningsleiren i Alanya skal Os spela fleire treningskampar:
26/1 Os – Vadmyra
9/2 Fana – Os (Vestlandshallen)
13/2 Os – Lyngbø
23/2 Tertnes - Os (Vestlandshallen)
2/3 Vadmyra – Os