Næringsliv | 30. apr. 2015

Første spadetak i Liv på Øyro

Os sentrum skal fornyast. I går blei det skore eit riss, frå måndag skal litt over halve Øyro gravast opp.

Første spadetak i Liv på Øyro
I går blei dette risset tatt, måndag er det byggestart. Då blir delar av Øyro einvegskjørt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. apr. 2015 13:46

Bildeserie:

Omtrent sånn kan Øyro bli - om grunneigarane vil. (Il.: Os kommune/3RW)
Omtrent sånn kan Øyro bli - om grunneigarane vil. (Il.: Os kommune/3RW)
Også Torget skal rustast opp. (Il.: Os kommune/3RW)
Også Torget skal rustast opp. (Il.: Os kommune/3RW)
Det er delområde 2 og 3 som no skal gravast opp. (Il.: Os kommune/3RW)
Det er delområde 2 og 3 som no skal gravast opp. (Il.: Os kommune/3RW)
1 av 3

Øyro (ikkje kallenamnet på Os sentrum, men gata frå Lundehjørnet til det gamle bankbygget og Oselvo) blir kalla «Bydraget» i Liv på Øyro-prosjektet.

Måndag er det byggestart. Då skal delar av Øyro gravast opp.

Les òg: Bydraget eitt steg vidare

– Det blei tatt eit riss midt i vegen i går kveld, for at maskinførarane skal ha noko å grava etter, fortel prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen.

Nye røyr for framtida

I august skal Øyro få nytt dekke. Før den tid vil Os kommune sikra at dei ikkje må grava hol i det nye dekket med det første.

– Mange røyr skulle nok vore skifta for lenge sidan. I tillegg til å fornya oss vil vi bygga kapasitet for framtida, for eksempel om nokon ein dag skulle finna ut at alle husa i Os skal ha sprinkelanlegg.

– Det blir også lagt ned trekkerøyr for fiber til alle bygga i Os, fortel Døsen.

Øyro, Torget og Torggata

I første omgang er det vegstykket frå Legangerhjørnet (der Nordisk Rom no flyttar inn) til Drageset-hjørnet (Joker) som skal gravast opp. I tillegg kjem delar av Torget og Torggata bort til Gullsmed Eide.

Delar av Øyro blir einvegskjørt i første byggeperiode, som varer frå måndag til rundt St Hans. I periodar blir Øyro stengt. Også Torggata blir stengt i ein kortare periode seinare i anleggsprosessen.

Kjøreretningen på Øyro blir frå Legangerhjørnet (der Nordisk Rom no flyttar inn) til Torget og resten av sentrum. Til og frå Rimi og resten av Telthuskvartalet er det ingen endringar.

Feirar med kake

– Dialogen med Os kommune har vore veldig god og vi gler oss veldig over at dei no kjem i gang med prosessen, seier leiar i Os sentrumsforening, Geir Amundsen.

Alle fortau skal vera opne i byggeperioden, så tilkomsten til butikkane skal vera god.

– Vi inviterer til ei lita markering måndag klokka 12. Då blir det servert kake og kaffi på Torget, fortel Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.