Første smittetilfelle sidan 14. april
To personar i 20-åra har testa positivt for covid-19.
Søndag viste VG sin oversikt eitt nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.
I dag stadfestar kommunen at to personar, busette i Bjørnafjorden kommune, er smitta. Begge er i 20-åra.
Dei to blei smitta i utlandet og er no i isolasjon i heimen, opplyser kommunen på sine heimesider.
– Dei to var del av eit reisefølge. Heile reisefølget er i karantene i påvente av prøvesvar, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Dale.
Det er utført smittesporing på alle nærkontaktar, og Folkehelseinstituttet er varsla i samband med smittesporing på fly.
Dette er dei første smittetilfella i Bjørnafjorden kommune sidan 14. april 2020. Totalt er det no 18 bekrefta smittetilfelle av det nye koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden kommune.
Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.