Første romjulsblues på tre år
Den tradisjonsrike konserten på Peppes sel framleis godt.
Blues på Peppes har vore populært i nesten to tiår. Osøren Blues og Jazzfestival heldt både delar av festivalen på uterestauranten og enkeltkonsertar haust og vinter inne på Peppes.
Etter at festivalen blei lagt ned tok gitarist og vokalist Steinar «Lightsand» Lyssand tradisjonen vidare.
Sett vekk frå pandemiromjulene i 2020 og 2021 har han halde det gåande sidan 2014, og folk er tydelegvis framleis klare for blues før nyttår.
– Vi har selt 110 av 160 billettar, sa Steinar til Midtsiden vesle julaftan.
Årets dato er 30. desember, vesle nyttårsaftan.
Med seg i bandet har han og Dag Bergesen trommis Rune Kogstad. Kogstad har spelt på romjulsbluesen før.
Ein annan rutinert vesle nyttårsaftan-musikant er Geir-Magne Moberg. Han har lang fartstid i Untouchebl(u)es, og er special guest fredag.
Nytt i år er også at scenen er inne på Peppes igjen, ikkje på Bar(t).
– Bar(t) har noko redusert storleik no når vin- og coctailbaren Yo's har kome, men Bart blir open heile kvelden, så publikum skal få godt med plass og ein noko rolegare krok for dei som vil slå av ein prat, seier Steinar.