Første overnatting med sesongens nye speidarar
Morgonstemning med camp på Kyrkjeflaten.
Laurdag morgon er det bålkos og lavvo på Kyrkjeflaten.
Det er den yngste av fire grupper i KFUK-KFUM-speidarane som har slått leir.
– Gruppa består av 6- og 7-åringar. Dei har hatt si første overnatting saman, fortel speidarleiar Matias Døsen Pontoppidan.
Gruppa har plass til 10 ungar, men dei har tatt inn 11. Likevel er det 6-7 ungar på venteliste.
– Det erkjekt med sånn oppslutnad, og synd at ikkje vi har plass til alle som vil vera med. Vi skulle gjerne hatt litt fleire leiarar, seier Matias.
Han har sjølv vore i speidaren i 14 år.
– Eg var litt redd ballen på fotballbanen då eg gjekk i 3.klasse, og måtte finna på noko anna. Her likte eg meg godt, og blei verande.
Dei unge speidarane er samla éin gong i veka. Då møtest dei gjerne ved ulike turterreng og går i skogen.
– Til no har vi lært om samarbeid, førstehjelp og trygg bruk av kniv. Neste gong skal vi læra om astronomi.
Lavvoen blei sett opp fredag kveld, men overnattinga blei inne på Tunet.
– Det er litt enklare å sova inne, då slepp vi fyringsvakt om natta. Og så er det dei yngste si første overnatting, så då valte vi å gjera det litt meir komfortabelt.