Første heimetap
...på fire år i ein seriekamp. Lysekloster måtte sjå seg slått 1-2 av Vardeneset laurdag. – Det var eit surt tap, seier trener Thomas Sandal.
Lysekloster låg før kampen mot Vardeneset på topp i 3. divisjon avd. 7 med betre målforskjell enn Stord. Motstandar Vardeneset låg før kampen på 5. plass fire poeng bak.
Sjølv med skader på fire av spelerane meinte sportsleg leiar Ørjan Sandal at dei mønstra eit sterkt lag til oppgjeret.
– Vi har så mange gode spelarar at det gjer ikkje den store forskjellen. Kipast er det for spelarane sjølve.
Hadde ballen mest
Første omgangen starta med eit Lysekloster press kor spelarane frå fjorden hadde overtaket i spelet.
Etter omlag 24 minutt glipp det på venstre sida i Lysekloster-forsvaret.
Vardeneset kjem på kontring og presset blir litt for pusletet. Keeper Kjetil Hansen må sjå at ballen går i mål bak seg, litt mot spelets gang.
Lysekloster heldt presset oppe, men klarte ikkje skape dei heilt store sjansene, noko som gjorde at stillinga held seg til pausen.
Baste på hovudet
Berre sju minutt etter kvilen var Lysekloster gjennom og kjempa seg til eit hjørnespark.
Joakim Hovden la ballen på bakre stolpe, kor Baste Jonassen ruva høgst og heada ballen tilbake i korte hjørnet.
Berre minutt seinare har Lysekloster ei ny stor sjanse. Keeper Kjetil Hansen startar kontringa med ein lang ball til Lars Henrik Skage. Skage fossar igjennom og skyt. Keeper reddar. Returen havnar hjå Johannes Jordal, som går for kraft i staden for plassering og smel ballen utanfor.
Vardeneset går rett på kontra og har ei kjempesjanse med skot i tverrliggaren.
Hurtig kontring avgjorde
Omlag halvvegs i omgangen er Lysekloster frampå igjen. Ballen hamnar hjå målskårar Baste Jonassen, som brukar litt for lang tid, slik at ein Vardenesforsvarar får kasta seg framfor. I staden kontrar motstandarane hurtig og set inn 1-2 bak ein sjanselaus Kjetil Hansen.
– Dett er eit surt tap etter ein jamn kamp.
– Eg tykkjer vi gjer ein god kamp. Vi sprudler ikkje, men gutane får godkjent.
– Det var ein hard arbeidsdag som ikkje bikkar vår veg, oppsummerar Lysekloster-trenar Thomas Sandal.