Næringsliv | 12. apr. 2024

Første gong på 27 år: Nedgang i mengda personbilar

Størst nedgang i Oslo. Vestland er på 3. plass.

Første gong på 27 år: Nedgang i mengda personbilar
Auken i bussreiser etter opning av ny E39 mellom Os og Bergen har ført til større behov for pendlarparkering, som her i Endelausmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. apr. 2024 09:04

Ved utgangen av 2023 var det registrert 2.876.692 personbilar i Norge, viser tal frå SSB.

Det er ein nedgang på 29.320 i forhold til 2022.

2023 er første gong sidan 1996 at mengda registrerte personbilar gjekk ned samanlikna med foregåande år.

Nedgangen skjedde trass i at det blei 103.300 fleire el- og hybridbilar i 2023 samanlikna med 2022.

Det blei nemleg 132.526 færre bensin- og dieselbiler i same periode.

Få nye bilar og dobla eksport

– Nedgangen kan sjåast i samanheng med lågare nybilsal og auka bileksport frå Norge, seier seniorrådgiver Geir Martin Pilskog i Statistisk sentralbyrå.

Han nemner òg to andre faktorar.

– Dårlegare privatøkonomi førte til utsetjing av bilkjøp hos mange, og derfor færre førstegangsregistrerte personbiler. Dessuten gjer svak norsk krone det attraktivt å eksportera bilar.

Eksport av personbiler frå Norge blei omtrent dobla fra 2022 til 2023, frå nesten 20.000 til over 40.000 bilar.

I same periode gjekk mengda førstegangsregistrerte personbilar ned med nesten ein tredel, frå 192.829 til 130.973 bilar.

Oppgang i to fylke

Med unntak av Agder og Rogaland blei det færre registrerte personbilar i alle fylke.

Oslo hadde størst nedgang med 17.731 færre registrerte personbilar (5,8 prosent) i 2023 samanlikna med 2022.

På dei to neste plassane kjem Viken (3.921 bilar, 0,5 prosent) og Vestland (3.107 bilar, 1 prosent).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.