Første gebyr - første klage
Kona til Jimmy Øvredal, Åslaug, fortvilar over både bilde og bot, og seier ho hadde lov til å stå der ho sto.


Onsdag var første dag på jobb for parkeringsverten på Os. Den første bilen som fekk gebyr under vindaugsviskaren var den kjente osingen Jimmy Øvredal sin.
– Denne har HC-bevis, men det er gått ut på dato, sa parkeringsvert Elisabeth Thomassen til Midtsiden, som var med på første inspeksjonsrunde i Os sentrum.
– Dette var ubehageleg, seier Åslaug Øvredal, som lånte ektemannen sin bil denne dagen.
Gjenkjent
– Fleire har kjent bilen igjen på bildet spørt Jimmy om han låner mitt utgåtte HC-bevis, men sånn er det ikkje.
Åslaug hadde ærend på Os og hadde både det nye og det gamle HC-beviset sitt med i veska. Dessverre la ho det gamle fram i ruta på bilen.
– Eg prøver å parkera lovleg, eg har til og med kjøpt desse brikkene og hadde stilt klokka inn før eg sette bilen frå meg, fortel fru Øvredal.
Håper på medhald
Med HC-bevis er brikke oveflødig, dei treng ikkje ta omsyn til totimarsregelen, ein regel som dessutan førebels ikkje bli handheva. Men trass i heilgraderinga fekk ho gebyr på 500 kroner.
– Eg ringte Thomassen, som fortalte at eg kunne gå på rådhuset og få klageskjema om eg ikkje var einig i gebyret. Der hadde dei ikkje skjema så det måtte lastast ned og skrivast ut.
– No har eg blitt den første til å få gebyr og den første til å klaga. Men det var altså verken Jimmy som kjørte eller eg som bevisst brukte utgått bevis, så no håper eg på medhald på klagen.