Først på land
Fleire lokale i Os Triathlon: Tom Andree Moberg Johansen var suveren i sin klasse i symjing og svært god i løping. Men på fars gamle sykkel gjekk det litt seint.
Søndag arrangerte Bergen Triathlon Club Os Triathlon igjen.
Les òg: Rekordtriathlon på Ulven (bildeserie og video frå 2011)
Gudmund Snilstvedt vann mosjonsklassen på tida 00.59,04, som var hakket raskare enn Kristian Blummefelt frå BTC, som vann proffklassen på tida 00.59,52.
Deltakarane sumte 750 meter i Ulvenvatnet før dei sykla til Lønnevågen i Nordstrøno og tilbake, ei rute på 20 kilometer. Så venta 5 kilometer med løping over Ulvensletta og tilbake til mål ved Os Roklubb sitt anlegg i Sigurdsvika.
Medan noregscup-deltakarane i proffklassen starta fremst med blå badehetter kom mosjonistane etter med kvite og gule. Jentene hadde rosa badehetter. Dei yngste og andre som ønskte det sumte 300 meter, men kjørte same distanse på sykkel og løp.
Johansen kom først på land
Blant deltakarane var fleire osingar, blant anna Tom Andree Moberg Johansen, Eivind Hodneland, Trond Blomberg, Rune Vindenes og Frode Valle.
Yngstemann Tom Andree (15) er kjent for fine resultat for Os Svømmeklubb. Han deltok grunna alder på kort symjedistanse og var først på land av alle.
– Han er ikkje så verst på løping heller, men han har lånt min gamle sykkel, så eg er spent på korleis det går med tida til og frå Strøno, sa pappa Håkon.
Og Tom Andree var suveren på symjing og løping, men hadde så svak tid på sykkelen at han måtte nøya seg med 3. plass i klassen gutar 14-15 år.
Tom Andree sumte på 04,48 og sprang på 21,56, men brukte 45,27 på sykkeldistansen.
Vinnaren Oscar Hjelde frå BTC sumte på 06,48. Tida på løping ser ikkje ut til å vera rett (13 minutt på 5 km er drygt ...)
Hodneland på 21. plass
Eivind Hodneland, som i sommar debuterte i Norseman, gjorde det best av dei vaksne osingane med 21. plass uansett alder og kjønn (700 meter symjing, 20 km sykling og 5 km løping).
– Eg må læra meg å symja raskare, konkluderer Eivind, som sumte på 19,04, sykla på 37,22 og sprang på 20,50.
Dette var godt nok til 5. plass i eigen aldersklasse (40 - 49 år).
Andre resultat av osingar (700 m/20 km/5 km), uansett klasse:
48. Trond Blomberg 18,02 - 40,52 - 24,22
51. Sindre Steinsland 23,30 - 38,03 - 23,10
61. Rune Vindenes 24,54 - 40,14 - 22,13
71. Frode Valle 20,49 - 42,04 - 23,21
Mosjonsklassen hadde 92 deltakarar på denne distansen.
(tidene for skifte av klede er teljande, men ikkje med i oppramsinga vår)
Eksterne lenkjer:
www.ostriathlon.no (arrangør BTC)
www.topptid.no (resultat)