Forsøk på tjuveri
Ekteparet som skulle på båttur med barnebarna laurdag kom ikkje langt.
Os Seilforening har hatt ubedne gjestar.
– Vi har oppdaga to forsøk på tjuveri frå båtar i hamna, fortel hamnesjef Asbjørn Forstrønen.
Dei siste åra har seilforeininga gått vaktar i hamna, og vore lite plaga med tjuveri og hærverk.
Men tjuveriforsøka som blei oppdaga laurdag blei ikkje avslørt før båteigarane skulle på tur.
– Eit par som skulle på tur med barnebarna laurdag fekk motorstopp. Det viste seg at bensinlokket var fjerna, truleg i forsøk på å stela drivstoff.
– Medan lokket var vekke har det kome regnvatn på tanken. I etterkant blei det oppdaga forsøk på tjuveri frå ein annan båt i same brygge, seier Forstrønen, og ber folk følgja med både eigen båt og elles på kva som rører seg i og og rundt hamnene i Os.