Lokal | 05. mai 2014

Forskerfabrikken kjem til Os

Ungar i Os med interesse for forsking og naturfag kan få ei heil veke med sommarskule dei blir smart av.

Forskerfabrikken kjem til Os
F.v.: Edel K. Rimstad, Mari Skogland, Ariel Johannesen og Daniella Johannesen fekk prøva seg i nokre av eksperimenta sommarskulen har å by på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 05. mai 2014 09:39

Bildeserie:

Ingeborg, Fartein og Ole Christian. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingeborg, Fartein og Ole Christian. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Edel, Mari, Ariel og Daniella. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Edel, Mari, Ariel og Daniella. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Uniformen i orden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Uniformen i orden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fartein og Ole Christian fekk også prøva mikroskop. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fartein og Ole Christian fekk også prøva mikroskop. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

Forskerfabrikken er sosial entreprenør i naturfag og matematikk og vi ønskjer å gjera forsking til eit attraktivt fritidstilbod for barn og unge, på lik linje med for eksempel idrett og musikk.

I tillegg til å driva kveldskurs haust og vår har dei eigne sommarskular. I år kjem dei til Os for første gong.

– Sommarskulen er for skuleungar som skal opp i 5. til 7. trinn til hausten, fortel «fabrikk-katalysator» Ian Skattum frå Forskerfabrikken.

Sommarskulen i Os blir i veke 32, frå 4. til 8. august.

– Vi har hatt sommarskular i Bergen i mange år og i fjor starta vi opp på Stord. Frå i sommar kjem vi med tilbod over heile landet, frå Kristiansand i sør til Longyearbyen i nord.

Lokale lærarar

På sommarskulane, som varer ei heil skuleveke (fem dagar), er det lærar- og ingeniørstudentar som underviser.

Ein av lærarane på den komande sommarskulen i Os blir Ingeborg Solvang.

– Eg studerer geologi på NTNU i Trondheim og har tidlegare hatt både biologi, kjemi og fysikk som fag, fortel Ingeborg.

Ho har også bakgrunn frå speidaren i Os.

– Eg søkte på jobben og er glad for at eg får jobba med ungar på eit så spennande opplegg i heimbygda mi i sommar.

Ingeborg har sjølv vore med på å finna plass å ha sommarskulen, som blir arrangert på Os skule.

Testa oppgåver på naboungane

I førre veke var Ingeborg i heimbygda, og Midtsiden møtte den komande sommarskulelæraren på tunet hos faren, som bur på Lunde.

Der hadde Ingeborg samla saman seks naboungar, som i Forskerfabrikken-uniform fekk prøva seg på nokre av eksperimenta sommarskulen har å by på.

– Det blir fulle skuledagar fem dagar på rad, innandørs og ute så det ikkje blir for lenge å sitja i ro.

– Vi skal prøva oss på ulike eksperiment innan alle naturfaga, og blant anna sjå nærmare på både edderkoppar og bakteriar, fortel Ingeborg.

Naboungane, Edel K. Rimstad, Mari Skogland, Ariel Johannessen, Daniella Johannessen, Ole Christian Mellingen og Fartein K. Rimstad fekk prøva å miksa den perfekte blandinga av vatn, zalo og glycerol til å laga såpebobler.

Dei fekk også bruka mikroskop.

– Eg kjenner ikkje han andre som skal vera lærar i Os, men eg møter han når vi skal på kurs i forkant av sommarskulen, seier Ingeborg Solvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.