Lokal | 11. apr. 2012

Forlik om Oseana

Os kommune og konsulentselskapet COWI er einige om forlik i tvista omkring arbeid på Oseana.

Forlik om Oseana
Ordførar Terje Søviknes har vore leiar i byggjekomiteen for Oseana Kunst- og kultursenter (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. apr. 2012 13:33

Os kommune som byggherre og COWI som prosjekterande konsulentfirma har i lengre tid hatt ein pågåande tvist knytt til arbeid utført på Oseana kunst- og kultursenter.

Onsdag blei det kjent at dei to partane har kome til einigheit om eit forlik.

-Vi er svært nøgde med utfallet av saka.

- Os kommune har hatt ei god sak, og prosjektorganisasjonen har etter vårt syn fremja byggherrens interesser på ein profesjonell og god måte, seier ordførar og leiar av byggekomiteen Terje Søviknes.

Krav og motkrav

Bakgrunnen for saka var at COWI fremja eit tilleggskrav om honorar som Os kommune bestridde. I neste omgang fremja Os kommune eit erstatningskrav og førebudd ei stemning av COWI knytt til manglar og feil ved deira leveranse.

-Det er generelt viktig at kommunar og andre offentlege aktørar er tydelege i sine krav overfor leverandørar av varer og tenester til fellesskapet.

- Det har Os kommune vore i denne saka, slår Søviknes fast.

Partane er no samde om ei minneleg løysing på konflikten, som resulterer i at COWI fråfell heile sitt tilleggskrav og at Os kommune får utbetalt eit kontantbeløp til dekking av erstatningskravet.

Beløpa sin storleik skal i følgje forliket haldast konfidensielt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.