Lokal | 01. juni 2017

Foreslår seks nærsentre

Asplan Viak foreslår nærsentre på Søfteland, Nore Neset og Søre Øyane no, og i Lysefjorden, Søre Neset og Bjånes i framtida. Osøyro er framleis regionsenter.

Foreslår seks nærsentre
Osøyro som regionsenter og seks nærsentre med mellom anna daglegvare, skule og butikk foreslår Asplan Viak (Ill: Asplan Viak/Os kommune)
Andris Hamretorsdag 01. juni 2017 09:03

I samband med rulleringa av kommuneplanen sin arealdel har Os kommune fått Asplan Viak til å gjera ei analyse av senterstruktur og handel i heile Os kommune. Rapporten skal vera med å leggje grunnlaget for kor ulike sentum skal lokaliserast og kor grensene for sentrum går.

– Handel utgjer, saman med bustader, kultur og ulike offentlege og private tenester, viktige funksjonar i eit senter. Eit levande senter treng handel, samstundes som handelen og vil ha betre kår for å klare seg dersom det er andre sentrumsfunksjonar i nærleiken, heiter det i rapporten før Asplan Viak peiker på Osøyro som det naturlege senteret i Os kommune.

– Osøyro er det naturlege senteret i Os kommune, og har også ein regional funksjon rundt Bjørnefjorden. Samstundes har Os fleire små senter i dei ulike delane av kommunen. Nokon områder har eit relativt tydeleg senter slik som Søfteland og Nore Neset. Andre områder har meir fragmenterte senter slik som Lysefjorden/ Lysekloster, eller manglar eit senter i det heile, til dømes Søre Neset.

– Bortsett frå nokre få unntak ligg all handel i Os i dag lokalisert mellom Osøyro og Flåten/ Kolskogen. Medan handelsutviklinga på Osøyro har stagnert har Flåten/ Kolskogen fått eit stadig sterkare handelstilbod, og har meir enn 2,5 gonger fleire tilsette i handelsnæringa enn Osøyro.

Folkevekst viktig parameter

Grunnlaget for ein framtidig handel og senterstruktur er kor folk busett seg.

– Kor mykje folkevekst ein får er avgjerande for kor mykje meir handel ein bør opne for i Os i tida framover, og for kva ein skal legge til grunn for definisjon av senterstrukturen i kommunen. Analyser av Bergensområdet gir ein peikepinn på kor mange kundar som trengs for å etablere ein ny butikk. Medan ein daglegvarebutikk i Bergensområdet i gjennomsnitt dekker 1500 innbyggjarar kvar, krev varer som klede, sko og sportsbutikk rundt 6000 innbyggjarar. Butikktypar som optikkar, apotek, møblar og elektroniske hushaldningsartiklar krev gjerne så mykje som 10-20 000 innbyggjarar for å klare seg.

Daglegvare i krinsane

I rapporten peiker Asplan Vika på at Flåten/Kolskogen har tilsaman ei overvekt av daglegvarebutikkar i høve kor mange som bur i nærområdet.

– Tyngdepunktet for daglegvarer bør med fordel flyttast meir mot der det bur mest folk, både mot Osøyro og til tettstadane i andre delar av kommunen. Ved å etablere daglegvarebutikkar i dei ulike sentera bidrar ein til å styrke desse, samstundes som ein reduserer biltransporten. Analyser av handelsomland viser at det er grunnlag for å ha ein eller fleire daglegvarebutikk både på Søfteland, Lysefjorden, Nore Neset, Søre Neset, Søre Øyane og Bjånes, i tillegg til Osøyro og Flåten/ Kolskogen-området.

Foreslår senter i krinsane

I si tilråing peiker konsulentane på at Osøyro er eit opplagt kommune- og regionsenter.

– Utover dette er Søfteland, Nore Neset, Søre Øyane, Søre Neset, Lysefjorden/Lyseparken, og Bjånes føreslege som moglege nærsenter. Alle desse områda vil både i scenario 1 og 2 har høgt nok folketal til at det kan etablerast eit lite senter. Det er ikkje funne grunnlag for å skilje desse sentera hierarkisk, sjølv om dei vil variere noko i storleik. Dei tre sistnemnde skil seg likevel ut fordi dei er i stor grad er basert på framtidig folkevekst og/ eller fordi dei ikkje har noko opplagt lokalisering for eit senter i dag. Nøyaktig lokalisering må her avklarast seinare, når meir konkrete planar for dei aktuelle områda er klar.

– Når det gjeld Lysefjorden/ Lyseparken er det ikkje funnet grunnlag for å ha to separate senter slik som det er føreslege i samfunnsplanen. Desse to sentera vil ligge for tett opp i ein annan slik at dei risikerer å «utkonkurrerer» kvarandre.

Daglegvare, skule, barnehage og bustader

– Eit nærsenter bør ha daglegvarebutikk, skule, barnehage og sentrumsbustader som basis for eit levedyktig senter. Deretter kan ein vidareutvikle dette med tenester/service som t.d. frisør og tannlege, samt andre funksjonar som idrett/ kultur og anna næring. Her er det særs viktig at funksjonane vert etablert i ein skala som er tilpassa senteret og at ein og ser eventuell etablering i høve kva som finnes på Osøyro.

– Osøyro som regionsenter har allereie ei rekke funksjonar, men har framleis stort potensial for å utvikle seg. Meir utvalsvarehandel, fleire tilsetteintensive arbeidsplassar (kontorarbeidsplassar), betre utdannings- og kulturtilbod, fleire tenester og fleire bustader er døme på funksjonar som vil gje Osøyro enda meir liv.

Rapporten vil danna grunnlaget for den tilrådinga administrasjonen legg fram for politikarane seinare i år. Asplan Viak peikar i rapporten på aktuelle lokaliteter i kvart av nærsentra, men dette vil administrasjonen, etter det Midtsiden forstår, sjå nærare på før dei legg saka fram til politisk handsaming.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.