Forbedra med 10 sekund
U23-VM i Bulgaria: Arne Hadler-Olsen og dei andre gutane i den norske dobbeltfiraren forbedra tida med over 10 sekund fredag.
Den norske dobbeltfiraren rodde fredag formiddag oppsamlingsheat for å forsøke å ta seg til semifinalen i U23-VM i roing i Bulgaria.
Det blei eit tøft løp kor det gjekk unna.
Tyskland, som òg måtte ut i omkampen vann heatet på 5.52.93, nesten to sekund raskare enn New Zealand som vann forsøksheatet Noreg rodde torsdag.
Den norske båten med Arne Hadler-Olsen, Halvor West, Robin Fjeldstad og Jørgen Nilsson rodde raskt i fredagens løp. Dei 2000 metrane gjekk unna på 6.06.21, vel 10 sekund raskare enn forsøksheatet.
Det helt til fjerde plass bak Tyskland, Romania og Storbritannia.
– Nivået er knallhardt og med tekniske utfordringar i båten var dei i realiteten sjanselause.
– Roerane er skuffa over ikkje å ha klart samroinga betre, men satsar på eit bedre løp i morgen, fortel Audun Hadler-Olsen i ei melding frå Bulgaria kor det er gode tilhøve på banen i strålande sol og 38 varmegrader.
Dei norske gutane ror C-finale laurdag morgon klokka 08.55