– Folk unngår oss
I eit intervju med NRK fortel familien til den drapsdømte 19-åringen frå Os om tida etter at sonen blei sikta.
Mange var overraska over den unge alderen, men letta over at nokon var tatt, då politiet 21. februar i fjor pågreip ein 18 år gamal gut mistenkt for drapet på Hilda Feste 1. januar.
Men alle var ikkje letta.
– Vi hamna litt på feil side i denne saka, som hans pårørande. I starten opplevde vi at folk var glade for at nokon var pågripen, men vi følte det ikkje sånn. Vi var ikkje glad for det. Det var en veldig merkelig situasjon å vera i, både for oss vaksne og for borna, sier mannen som har vore reservepappa for guten.
Han og mora til guten, som 4. desember blei dømt til 19 år fengsel, har blitt intervjua av NRK.
Her kan du lesa heile intervjuet.
– Eg tenkte at det ikkje kunne stemma, at det ikkje passa. Eg følte eit totalt kaos, og kan ikkje svara heilt på kva eg tenkte og følte. Eg har mista nokre veker den tida der. Dei er berre borte, seier mora.
Dei to fortel om vaksne som har slutta å seia hei, men om ungdom som taklar det betre, som kjem bort og spør korleis det går. Dei har også opplevd mange rykter, både om guten og familien, som ikkje stemmer.
Og dei synes det er to ting som er viktig å få fram: Å fortelja at dei har stor medkjensle med familen til Hilda Feste - og at dei framleis er glad i sin eigen gut.