Føler seg snytt for mål i toppkamp mot Varegg
Lysekloster hamna under, men køyrde Varegg hardt etter pause, også med ti mann på banen.
Lysekloster - Varegg 1-1 (0-1)
Målskårar, Lysekloster: Thorvald Trætteberg
Sjå fleire kampfakta på fotball.no
Varegg tok leiinga ved Kristoffer Valsvik i 21. minutt, etter ein corner, i dagens toppkamp på Lysekloster Framo Idrettspark.
– Første omgang var prega av at det var to lag som kjenner kvarandre godt, det blei litt stillingskrig, og begge lag lykkast på sett og vis med eigen strategi, meiner Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Annulerte skåring
I andre omgang tok heimelaget over. Det blei tett med innlegg og ei rekkje cornarar før ballen hamna i nota. Eit skot av innbytar Tommy Gaustad blei redda. Returen hamna hos Kristoffer Østervold, som la inn til Durim Muqkurtaj, som sette ballen over keeper og i mål.
Lysekloster jubla, Varegg ropte «offside». Verken dommar eller linjedommar gav signal til offside, men tok seg ein prat og annulerte skåringa.
– Eg forståt ikkje kva dei har dømt offside på, seier Hetlevik.
Verken video-opptak trenaren har sett, eller Midsiden sin bildeserie over, tilseier at dette var rett avgjerd.
Trætteberg utlikna
Men i 84. minutt kom ein ny, stor sjanse. Varegg-keeper, som i dag ikkje var osingen Kjetil Hansen, men Henrik Dørum Bøe, hadde boksa vekk mange innlegg etter pause.
I denne situasjonen var han ikkje like heldig, missa på ballen og hamna for langt ute til å ha sjanse mot Trætteberg sitt skot.
To minutt seinare ropte Lysekloster på hands, men dommaren let kontringsforsøket halda fram. Håkon Moldeklev sette ein effektiv stoppa for forsøket, på eit vis som kvalifiserte til raudt kort.
– Vi kan ikkje gjera noko med det som blei annulert og må sjå oss nøgd med eitt poeng etter ein litt tøff heimekamp, avsluttar Hetlevik.