Flyttar UKM til Fusa
Etter tre år på Os, flyttar i år Os og Fusa kommuner UKM over fjorden til Fusa.
I desember opna påmeldinga til årets UKM med frist 1. februar for å melda seg på.
Dei tre siste åra har kultureiningane i Os og Fusa kommuner saman stått for arrangementet i Oseana.
Samarbeidet kommunane mellom held fram, men i år med ein ny stad for arrangementet.
– Grunna uforutsette utfordringar i kultureininga vår har likevel ikkje vi kapasitet til å stå for arrangementet i Oseana, som tidlegare annonsert og slik den opprinnelege planen var. Dette beklagar vi, men denne gongen blei det diverre slik, fortel Kjetil Osablod Grønvigh, kulturkonsulent i Os kommune.
– Heldigvis har vi eit godt samarbeid med kulturkontoret i Fusa og dei har tatt over ansvaret for å losa dette trygt i hamn. I år blir det difor Agnes Smørholm og Erik Vangsnes på Fusa som vil ha hovudansvaret og stå for mønstringa.
– Vi kjem sjølvsagt til å bidra også frå Os, mellomanna med lydutstyr og liknande.
Håper på fleire
Osablod Grønvigh fortel om ei påmelding om lag som dei siste åra.
– Det går alltid litt treigt i starten i høve påmeldingar. Eg håpar vi får ein like fin innspurt som vi alltid pleier få no når det nærmar seg påmeldingsfristen, avsluttar kulturkonsulenten.
UKM blir i år arrangert på Breidablikk ungdomshus i Sævareid. Les meir om arrangementet og påmelding på UKM.no