Næringsliv | 03. sep. 2018

Flying start på Søfteland

Sju tomtekjøparar står klare dagen etter første vising på Gåsakilen.

Flying start på Søfteland
Gåsakilen, mellom Hjellemarka (til høgre) og Søfteland barneskule (til venstre, utanfor bildet). (Dronefoto: Sølvreven)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. sep. 2018 20:41

Måndag for ei veke sidan blei 22 einebustadtomter og éi tomt for tomannsbustad lagt ut for sal, søndag var det vising på området, som allereie er asfaltert og merkt opp.

– Vi hadde rundt 40 på vising, selte 2 tomter i formiddag og sel minst 5 til i løpet av veka, fortel administrerande direktør i Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa.

Starta dagen med bodrunde

For å handtera prosessen har seljar sett ulik frist for aksept på bod, første frist var klokka 12 i dag.

– Den eine av dei to tomtene vi selte klokka to var det bodrunde på. Prisen steig frå prisantyding 1,5 til 1,7 millionar kroner, fortel Randa.

Det har kome bindande bod på 5 tomter til, alle til prisantyding, noko som betyr at alle dei 5 tomtene blir selte i løpet av veka. Neste frist er klokka 15 i dag.

Lokal interesse

Os Bygg og Eigedom er svært nøgd med starten.

– Vi har ambisjonar om å få selt tomtene innan utgangen av 2019, og hadde håpa på å selja 5-6 tomter no i starten. Dette ser vi allereie at vi klarer med grei margin.

Randa fortel at mange av dei rundt 40 som var på første tomtevising er frå Os, fleire av dei med tilknyting til krinsen Søfteland, og i alderen 25 til 40 år.

– Det ser ut til å vera ein god gjeng med småbornsfamilie, som gjerne bur i rekkehus eller leilegheit i dag, som no er klare for å bygga seg einebustad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.