Lokal | 21. aug. 2013
Flygande hollendar?
Ein seilbåt frå Nederland blei ståande fast då det fjøra i Os hamn.
Andris Hamreonsdag 21. aug. 2013 17:32
Ein seglebåt ligg på kjølen ved brygga utanfor Oselvarverkstaden.
Båten, som fører nederlandsk flagg, kom til Os i 12-tida onsdag formiddag og hadde nok ikkje rekna med at det var så grunt i elva og at forskjellen på flo og fjære var så mykje.
Ifølgje nettsida -sehavniva.no - som viser flo og fjøre, må han nok rekna med å bli ståande fram mot midnatt.
Lågast vasstand vil det vera klokka 17.36 før vatnet stig til maks flo klokka 23.50 i kveld.
Naboar som oppfatta kva som var i ferd med å sjå kom til og hjelpte den uheldige båtføraren med å sikra båten, så den ikkje skulle velta ut i elva medan den sto på kjølen.