Næringsliv | 27. sep. 2014

Fløsand Tak med styrka leiing

Fløysand Tak AS har dobla frå 50 til 100 mill i omsetnad på tre år og styrkar laget med ny direktør og ny styreleiar, begge med lang fartstid frå større konsern.

Fløsand Tak med styrka leiing
Fløysand Tak AS i Industrivegen har auka frå 50 til 100 millionar kroner i omsetnad på tre år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. sep. 2014 09:03

Fløysand Tak AS vaks frå 50 til 70 millionar kroner i omsetnad frå 2011 til 2013 og vil passera heile 100 millionar kroner i år.

– Selskapet byrjar å bli så stort at vi før sommaren engasjerte eit rekrutteringsbyrå for å finna ny administrerande direktør og ny styreleiar, seier medeigar og avtroppande styreleiar Knut Haddal.

– Når vi i storleik no flyttar oss frå å vera ei typisk gründarbedrift til eit selskap med omsetnad på rundt 100 millionar kroner er tida moden for å styrka organisasjonen.

– Vi ser dessutan at Fløysand Tak kan vera tent med at gründar Gudmund Fløysand kan bli frigjort for byråkratiske oppgåver og bli brukt meir til det han er best på, kundekontakt og taktekkarfaget.

Engasjerer Larsen og Tveit

Det er no klart at Gudmund Fløysand blir erstatta av Jan Espen Larsen som administrerande direktør. Larsen har hatt fleire leiarstillingar i Orkla og vore sals– og marknadsdirektør i Compass Group AS.

Knut Haddal gjev frå seg vervet som styreleiar til Kenneth Tveit. Tveit har jobba i bilbransjen sidan ’89, han har vore med og etablert fleire selskap og er i dag administrerande direktør i Kverneland Bil Bergen AS.

– Eit bevisst val

Jan Espen Larsen har dei seinare åra drive som rådgjevar og konsulent og seier han fann stillinga i Fløysand Tak spesielt interessant.

– Dei har lagt ned eit fabelaktig arbeid og er no i ferd med å nå det du kan kalla ei kritisk masse når det kjem til omsetnad og tilsette. Då er det viktig at dette med organisasjon og struktur heng med.

– Eg har bakgrunn frå andre bransjar som har vore gjennom fleire prosessar med nye og strengare krav. For meg var det eit bevisst val å gå til ein annan bransje, der også dette med nye og skjerpa krav er relevant. Hos Fløysand Tak får eg brukt mykje av det som har vore faget mitt på ein annan måte.

– Fløysand Tak har skapt fantastiske resultat og eg har inntrykk av at dei trivst godt og har eit voldsomt driv. Eg ser fram til å byrja å pendla frå Minde til Os, seier Larsen.

Nokon å sparra med

Kenneth Tveit har ikkje berre bakgrunn frå bilbransjen. Han har vore med og etablert selskap innan både transport-, entreprenør- og reklamebransjen, og har dei siste ti åra tatt på seg fleire styreverv, blant anna for firma i omstilling eller vekst, frå Dale of Norway til kjøpesentre i bergensområde.

– Å ha eit godt styre er heilt vesentleg, særleg når selskapet byrjar å få ein viss storleik. Det er eit stort ansvar å driva eit firma med mange tilsette og det er godt for ein gründar og for eigarane å ha nokon å sparra med, nokon som er med på å forma gode, langsiktige planar.

– Faren min var i taktekkarbransjen og eg har sjølv tekka tak i ungdomen. Eg er ingen handverkar, men eg har følgt med på Fløysand Tak frå sidelinja.

– Dei har bygd eit veldig godt merkenamn og eg ser fram til å vera med på å styrka dette. Ikkje nødendigvis for å veksa, eit selskap treng ikkje veksa om ikkje det er lønsam vekst, men å styrka organisasjonen og merkenamnet, seier Tveit, som skal i sitt første styremøte som leiar i neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.