Flisespikkeri på julemarknaden
BILDESERIE: Sigurd Helgesen hamna i snekkerbua då han blei pensjonist. No er han travel nykomar på marknaden på Osøyro.
Denne helga er det julemarknad i Os sentrum. Os Sentrumsforening, Os kyrkjelyd og Os kommune er saman om arrangementet, som blant anna inkluderer julehuset Borgstova.
• Sjå video av nissane i Borgstova
Uvêret torsdag og fredag førte til utsett opning av sjølve marknaden, og rigginga starta laurdag morgon i staden for fredag kveld.
– Det blei hektisk. For det første har vi meir areal i telt enn før, rundt 30 prosent auke, for det andre har vi heile 47 utstillarar, seier leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg.
I tillegg til to store telt har fleire utstillarar nytta dei nye baldakinane som tak til sin stand.
Å eta graut med treskei
Ein av utstillarane som er nye på årets marknad er Flisespikkeriet.
– Noko måtte eg jo driva med etter at eg blei pensjonist, seier den tidlegare Nordsjøen-arbeidaren Sigurd Helgesen.
Far til standup-Thomas hamna rett i snekkerbua, og der trivst han godt.
– Nokre av varene er spikka av brakabusk, men det meste er surna bjørk. Eg synest det er veldig kjekt å driva med, sjølv om ikkje det blir den store timelønna, seier Sigurd, og viser eit sett med treskeier og ause, i eiga krukke, tenkt som tradisjonssett til julegrauten.
Frå Spania for å invitera gjestar
Det nye reiseselskapet Os Travel, som i år arrangerte sine første matreiser til Tarragona, har med seg Santiago Recasens på stand. Santiago sin familie har drive olivengard sidan 1590 (!) i innlandet vest for kystbyane Tarragona og Barcelona.
– Eg er nok første generasjon som prioriterer den internasjonale marknaden, seier Santiago.
Det var via leveransar til ein restaurant i New York at han kom i kontakt med Eva og Hans frå Os. Dei åt på restauranten og spurde kelnaren kvar dei hadde fått den gode olivenolja frå. Tre år seinare blei dei forhandlar, og i dag organiserer dei turar med besøk blant anna på Santiago sin gard.
– Namnet på staden, La Pobla de Cérvoles, betyr hjortelandsbyen. Det kunne nesten vore namnet på Os, seier Parnefält, og viser noko anna som liknar, vandring i fin landskap kombinert med oppleving av kunst og skaping av kunst utandørs.
– Neste år køyrer vi to matreiser på våren og fire på hausten, fortel Hans.
Innsats for andre
Nokre av dei som står på marknaden er der for å hjelpa andre.
Maia, Mathilde, Thea Kamilla og Hanna har «innsats for andre» som valfag.
– Vi sel peparkaker og pyntar kakene for dei som ønskjer. Inntekta går til SOS Barnebyer, fortel den flittige venninneflokken.