Fleirstemt klage på vedtak
11 huseigarar i Os sentrum sluttar seg til klage på vedtak om godkjenning av nattklubb.
Oshjørnet AS, som blei direkte råka av manglande behandling av endring frå restaurant til nattklubb i Brugata, har til no stått åleine i kampen om å få endringane i Fagerthun-huset søknadspliktig, så dei kan seia si meining i nabovarsel.
Søknadsplikta kom før sommaren og i september kom godkjenninga av Irish Cat i plan- og bygningsutvalet.
No har Oshjørnet sendt klage på vedtaket, som dei meiner strir med gjeldande reguleringsplan og derfor er ugyldig.
Heile 11 huseigarar i Os sentrum sluttar seg til klagen:
Per Tore Bakketeig, May Britt Lepsøe, Ingvar Lepsøe, Rolf Bjørø, Torgeir Lyssand, Paul Hans Sælen, Roald Stigen, Svanhild Lyssand, Eirik Neverdal, Kjell Kolås og Henny Leganger Tvedt.
Støy inne og ute
To av dei som sluttar seg til klagen er råka på kvar sine måtar. May Britt Lepsøe leiger ut 11 hyblar i etasjane over Fisketorget i Brugata, 5 i 2. etasje, vegg i vegg med nattklubben, og 6 i 3. etasje.
– Støy frå utestaden gjer at leigetakarane mine kan gløyma å få sova før i 3-4-tida natt til laurdag og søndag kvar einaste helg. Eg skreiv brev til kommunen då dei for to år sidan byrja med ombygginga og venta så på å få nabovarsel, eit varsel som aldri kom. Men no har kommunelegen sagt at han vil koma og ta støymålingar, seier Lepsøe
Kjell Kolås bur i Landboden og merker mest til støyen frå gjestar som er utandørs og røyker, eller når dei skal heim ein gong etter klokka 3 om natta.
– Støyen startar i 3-tida og varer ofte til ut på morgonen. Vi måtte bygge om og flytta soverommet i andre enden av huset for i det heile tatt å få sova i helgene, fortel Kjell, som også leiger ut øvste etasje som leilegheit.
– Ugyldig vedtak
I klagebrevet, forma av Per Magnus Falnes i Advokatfirma Stiegler, argumenterer Oshjørnet AS med at godkjenninga av bruksendringa til nattklubb er i strid med gjeldande reguleringsplan.
I reguleringsplanen 1.16 står det at det "i områda avsett til sentrumsføremål skal oppførast bygningar for forretnings- og kontorverksemd med tilhøyrande anlegg. Øvre etasje (inkludert loft) kan nyttast til bustadføremål."
Klagar forstår ikkje korleis "nattklubb" kan lesast inn i planen.
"Vedtaket er dermed fattet på feil lovgrunnlag, og er dermed ugyldig. Vedtaket krever i tilfelle en endret eller ny reguleringsplan" står det i klagen.
Det blir også vist til at støyisolering av lokalet har lite å seia, det er støyen utandørs som råkar flest.
Falnes viser til ei tilsvarande sak på Austlandet der eit helsestudio måtte stenga fordi treningssenter ikkje var omfatta av omgrepet "forretning, kontor og bolig". Kommunen sitt vedtak om godkjenning blei sett på som ugyldig av Fylkesmannen i Oslo og Akershus.
Om kommunen ikkje endrar standpunkt vil Oshjørnet senda klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland.
– Kuvending og intern usemje
Eigedomsrådgjevar Terje Haugan, som representerer Oshjørnet AS, seier han er undra over det han kallar ei kuvending i administrasjonen si tolking av reguleringsplanen fra 1982.
– Før vedtaket var styresmaktene veldig bestemte på at nattklubb ikkje inngjekk i reguleringsformålet har dei no, 30 år seinare, funne ut at det nettopp er nattklubb politikarane prioriterte i 1982.
– Om ein samanliknar skjenketidene i 1982 med dei klokkesletta Os kommune opererer med i dag så blir det ei underleg tolking, meiner Haugan.
Han synes det er like rart at administrasjonen i sommar opptrer på éin måte innan skjenking og på motsett måte når det kjem til plan og bygg.
– I behandling av skjenkesaka argumenterte dei for redusert skjenking til klokka 2 - for å ta omsyn til naboane i Finnebrekka. Men i byggesaka, mot mykje sterkare argument, blei det gjeve blaffen i naboar rett over gata, i Oshjørnet, 20 meter vekke.