Lokal | 14. jan. 2016

– Fleire utrygge vatn

Os brannvesen har i dag vore på si første ismåling etter nydelegert ansvar. Fleire vatn har is som ikkje er farbar.

– Fleire utrygge vatn
Frivillig ismålar John Lepsøy sin stav er erstatta av brannvesenet. No er fleire vatn utrygge. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. jan. 2016 14:35

– Vi er ikkje heilt ferdige, men har målt både farbar og ikkje farbar is, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Han reknar med å vera ferdig med målingane fredag formiddag.

Facebooksida til Os brann, beredskap og legevakt vil vera oppdatert med ferske tal så snart dei er klare.

– Isen er ikkje farbar på Vinddalsvatnet, Ulvenvatnet nord ved Sigurdsvika eller Bjørnavatnet, åtvarer Monsen.

– På Vinddalsvatnet var det til og med mykje ope vatn.

Desse vatna har farbar is (torsdag 14/1):
Banktjørn
Gåsakilen
Strønevatnet (i Nordstrøno, nær skulen ved kryss mot Skipavika)
Ulvenvatnet sør ved Moberg

– Som sagt, vi har ikkje mål alle vatn. Kjem det meir kulde kan fort nokre av dei andre områda bli trygge igjen, seier varabrannsjefen.

Les òg: Desse ni vatna blir målt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.