Fleire uhell på glatten denne helga
Minst fire utforkøyringar.
Det blei fleire uhell etter det store snøfallet tysdag i førre veke, og då det fredag kom vêromslag, plussgradar, sludd og regn, blei køyrefolda endå meir vanskeleg.
Ved sidan av frontkollisjonen på Byvegen laurdag, der ingen blei skadd, har det vore minst fire utforkøyringar.
Fredag i 15.40-tida blei det observert to bilar i grøfta på Lepsøyvegen.
– Forbipasserande meldte ifrå. Det er mogleg at den eine bilen hjelpte den andre, Trafikken gjekk greit forbi, og vi hadde ingen operative tiltak, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Fredag i 18.30-tida fekk politiet melding om ein bil på jordet i Lyseklostervegen ved klosterruinane.
– Vedkomande hadde glidd av vegen. Verken person eller bil var skadd. Det blei ingen politisak.
Laurdag formiddag rundt klokka 10.45 fekk politiet melding om havari ved Ulven leir, men her viste det seg at ein øydelagt clutsj var årsaka.
Seinare laurdag hamna ein bil i grøfta på Hegglandsdalsvegen, ifølgje ein tipsar. Denne har politiet ikkje med i loggen sin.
Søndag skal det ha vore ei utforkøyring til omtrent på same stad.