Fleire trafikk-kontrollar
Politiet og Statens Vegvesen gjennomførde sundag fleire trafikk-kontrollar i og rundt Os. 3 fekk reaksjonar.
Første kontrollen var natt til sundag i 0230-tida på Byvegen ved Ulvenskiftet.
– Der blei 16 kontrollerte og éin ilagt forelegg for manglande bruk av bilbelte.
Litt seinare på natta hadde patrulja flytta seg til Halhjemsvegen.
– I 0430 tida blei ein mann stoppa, mistenkt for promillekøyring.
– Han blei teken med til legevakta for blodprøve og blei fratatt førarkortet, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Politiet avslutta sin kontrollverksemd på Søfteland ved krysset til Langedalen sundag førmiddag i 0930-tida.
– Der kontrollerte vi 57 køyrety, kor alt var i orden.
Brot køyre- og kviletida
Litt seinare sundag var det Statens Vegvesen sin tur til å kontrollera trafikken.
– Dei sto i Hjellemarka og kontrollerte spesielt større køyrety.
– Ein nederlandsk sjåfør på eit nederlandskregistrert vogntog blei anmeldt for brot på køyre- og kviletidsreglane.
– Han hadde køyrd 20 dagar i strekk utan å ta vekekvilen som er påkrevd. Han vil bli bøtelagt i dag, forklarar Hadler-Olsen.
Fann narkotika
I tillegg til høg kontrollverksemd i trafikken var politiet og på ei adresse laurdag etter mistanke om oppbevaring av narkotika på adressa.
– Det blei funnen brukarutstyr og mindre mengde narkotika i form av tablettar, avsluttar politiførstebetjenten.
I løpet av helga har òg politiet vore ute på melding om fyrverkeri på Lepsøy, laserlys i Hagavik og ungdommar på taket til Amfisenteret.