Næringsliv | 14. juni 2013

Fleire nye butikkar på AMFI Os

Éin legg ned, éin har nyopning, éin flyttar på seg og fire lokale står ledige. – Men vi er nesten i boks med to nye leigetakarar, seier Anne Kristine Tøsdal.

Fleire nye butikkar på AMFI Os
AMFI Os har fire ledige lokale etter ombygging og éi nedlegging. Men dei er i dialog med fleire interessentar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juni 2013 13:37

Den siste tida har det vore litt ombygging i delar av førsteetasjen på Amfisenteret.

Torsdag 30. mai hadde Eurospar omprofilering til Spar, med ny inngang mot Notabene og MX Sport.

– Dei har fått ein fin butikk og har fått mange gode tilbakemeldingar, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Nyopning av Gullsmed Eide

Då Eurospar snudde på seg blei det samtdig bygd fire nye mindre butikklokale.

Eitt av desse skal husa Gullsmed Eide, som flyttar seg nokre meter nærmare heisen.

Eide har nyopning torsdag i neste veke.

Senterkiosken legg ned

Senterkiosken har varsla at dei vil legga ned, og stenger dørene no i sommar.

– Floriss er interessert i lokalet og flyttar på seg når kiosken er rydda ut, fortel Tøsdal.

Fleire nye butikkar

Ved sidan av Eide kjem det tre nye lokale. I tillegg blir lokalet der Floriss er i dag, ståande ledig.

– Vi har fleire interessentar på desse lokala, og er nesten i boks med to av dei.

Senterleiaren held korta tett til brystet når det kjem til kven dette er. Ho vil heller ikkje ut med bransje.

– Men om alt går som det no ser ut som, kan AMFI Os få to nye butikkar allereie rett over ferien, seier Anne Kristine Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.