Sport | 16. sep. 2014

– Fleire har godt av å meistra motbakke

I rekordåret 2013 premierte Liafjellet Opp idrettslaget med flest deltakarar. – Her trur vi potensialet er endå større, seier Michelle Bukkøy.

– Fleire har godt av å meistra motbakke
Sverre Spangelo Haga var raskaste i klassen under 10 år på Liafjellet Opp 2013. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. sep. 2014 13:54

Til helga er det tid for Nore Neset Dagane, Osmessa og Liafjellet Opp.

I fjor var tiande år på rad med Liafjellet Opp og første år med premiering av laget med flest utøvarar. Det kunne vera for eksempel eit fotballag eller ei gruppe skyttarar. Men berre eitt lag stilte og med mange nok (minimum fem deltakarar) til å fylla krava.

– Kanskje handballspelarar og kampsportutøvarar, som trener inne, hadde hatt godt av meir frisk luft.

– Eit motbakkeløp er fin variasjon og godt for lagbygginga, både for bedrifter, vennegjengar og folk som vanlegvis gjer andre ting saman, seier Michelle frå Nore Neset Idrettslag.

Ho fortel at førehandspåmeldinga er i gang og at også bedrifter har meldt seg på.

– Vi har ein barnehage som var med i fjor som i år stiller med 22. Det er kjekt når spreke firma gjer slike ting i lag.

Tre år med nye rekordar

Arrangørane av Liafjellet Opp gler seg over at motbakkeløpet i fjor, for tredje år på rad, hadde deltakarrekord. Det var 130 påmeldte. 116 stilte til start og gjennomførte, noko som er 1 meir enn i 2012, som også var rekord. Løyperekordar blei det òg. Thorbjørn Ludvigsen (8:42) og May Britt Buer (10:54) sette nye rekordar i herre- og dameklassen.

– Men vi har plass til fleire og synest det er veldig kjekt når gjengar og kollegaer stiller saman, ikkje berre for litt internkonkurranse, men for å gjera noko sporty i lag.

– Vi har fått inn kjekke premiar og Nore Neset Mannskor stiller også i år opp med folk som står vakt i løypa og på toppen.

Deltakartala dei siste åra:
2009: 60
2010: 45 (dårleg vêr)
2011: 99
2012: 115
2013: 116

Klassevinnarar, herrar 2013:
0-10 år: Sverre Spangelo Haga (Nore Neset Il) 15:22
11-18 år: Daniel Instanes (Cowi) 10:13
18-29 år: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (BFG Bergen) 08:42
30-39 år: Geir Storetvedt Skaten (Opptur Motbakkeklubb) 10:05
40-49 år: Klas Færøvik (Opptur Motbakkeklubb) 10:46
50-59 år: Brynjulf Vonmen (Varegg) 11:27

Klassevinnarar, damer 2013:
0-10 år: Tuva Berge Jenter (Nore Neset Il) 16:10
11-17 år: Målfrid Pettersen Lunde (Fana Il) 14:21
18-29 år: Maria V. Steien Jenter (Søfteland TIL) 17:19
30-39 år: May Britt Buer (Gular) 10:54
40-49 år: Solfrid H Hernes (NoTeam) 16:26
50-59 år: Mari Nes Mæland (Cowi) 16:10
60 år +: Dagrun Valde (Eventyrdalen Bhg) 33:14

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.