– Fleire frekke forsøk
Butikkane i Os sentrum opplever fleire tilfelle av naskeri for tida. Men enkelte prøver også å lura til seg verdiar på andre måtar.
I går meldte Rimi frå om nasking.
– Ein mann gjekk frå butikken med ein sekspakning med øl han ikkje hadde betalt for, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Politiet har mottatt gode signalement på personen og ventar no at butikkleiinga formelt skal melda forholdet.
– Grasklipparen vi fortalte var funnen viser seg å vera stolen frå S. Tvedt, legg Sperrevik til.
Lurer til seg pengar
Politiet ber butikktilsette vera merksam, då det ser ut som om det er tett mellom naskeria i Os for tida.
– I tillegg har vi høyrt om andre metodar å lura til seg verdiar på.
Enkelte går inn i butikken og finn ei vare for å ta denne med i kassen og seia at dei ikkje har bruk for den.
I kassen ber dei derfor om å få pengane tilbake for ei vare dei ikkje har betalt.