Sport | 27. juni 2014

Fleire finn formen i fjellet

– Det var dette vi håpa på då vi starta klubben, at vi skulle får menn og kvinner i alle aldrar med oss på fellestrening uansett fysisk form.

Fleire finn formen i fjellet
Opptur på ei av mange fellesøkter. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. juni 2014 08:48

Mens sykkelinteressa ser ut til å vera over bakketoppen er det ei stadig auke i mengda motbakke– og terrengløp, og i deltakartalet i desse.

Den aukande interessa for å trena i terrenget er noko Opptur Motbakkeklubb har merka.

– Det gjekk ei stund før vi fann formelen på fellesøkter som er kjekke for alle, men no er klubben der vi i starten drøymte at den skulle vera, ein plass der vi inspirerer kvarandre og trener saman uansett form, seier Klas Færøvik.

To fellesøkter i veka

Opptur Motbakkeklubb fekk mange medlemmar heilt frå start hausten 2012, men fellesøktene var ikkje heilt optimale den første tida.

– Anten så blei dei for harde for dei som ikkje var i så god form, eller så blei øktene for lette for dei raskaste. Men så fann vi betre måtar å organisera øktene på.

Dei to fellesøktene i veka, måndag og torsdag, har vore ulike, men begge har vore individuelt tilpassa samtidig som alle har gått og jogga saman.

Overlapp, intervall og jaktstart

– Måndagane har vi jogga frå Lysefjorden ved ridesenteret til Svartavatnet, først ein oppvarmingstur, så to turar med intervall. I pausen har dei lengst bak gått vidare mot toppen mens dei lengst framme har jogga roleg tilbake. Sånn har vi fått fin overlapp, vi når toppen saman og får ein god prat før vi roleg joggar ned igjen til bilane.

Måndagsøktene er no flytta til Liafjellet, med start på Nore Neset idrettsplass.

– Nokre av oss ville ha litt variasjon. I starten etter flytting av treninga var vi litt få, men no er vi oppe i rundt 30 på Liafjellet òg.

Jaktstart opp Tøsdalsfjellet

I vinter, for å unngå ulykker på glatten, var det rask gange frå Tøsdal til Linken på Tøsdalsfjellet.

– For å halda saman som gruppe lagde vi «Linken 39», der alle gjekk saman opp på 39 minutt. Dei som kunne tatt distansen på under 20 minutt fylte sekken med vannflasker, enkelte gjekk opp med over 35 kilo i sekken og fekk ei tung økt sjølv om dei gjekk i lågare tempo enn dei normalt ville hatt. Vannflaskene blir tømt på toppen for å unngå unødig vekt på veg ned.

Frå mars har Linken 39 blitt erstatta av Linken Jaktstart, som dei kjører ut sommarhalvåret.

– Målet er framleis å nå toppen saman, derfor sender vi først ut dei som reknar med å bruka rundt 40 minutt, mens dei raskaste ventar rundt 20 minutt og joggar opp for å nå toppen samtidig.

Betre form – betre humør

Motbakkeklubben, som no er registrert som organisasjon og vil bli medlem i Norges Idrettsforbund, fekk i juni eigen klubbkolleksjon hos MX Sport. Fleire av utøvarane hevdar seg i konkurransar, ferskaste resultat er Geir Storetvedt Skaten sin klassesiger i NM 15. juni.

– Men dei fleste er nok med rett og slett fordi det gjer utruleg godt å gå og jogga i terreng og fjell. Du får tømt hovudet på veg opp og du får fylt kroppen med endorfinar når økta er over.

– Terrengløp er dessutan svært effektiv trening, spesielt når du er saman med andre, og terreng er meir spennande og mindre risikofylt med tanke på skader du kan jogga på deg på asfalt. Fleire aktive idrettsutøvarar, som fotballspelarar og handballspelarar, burde nok hatt seg ei økt i fjellet i veka i oppkjøring til ny sesong, meiner Klas Færøvik.

(Artikkel frå magasinet Midtsiden, juni 2014)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.